fbpx

BILLETTSALGET ER I GANG!

enkeltbillett
dagspass
billettinfo

GRUPPEPAKKER 2019

gruppepakke-fre-søn
gruppepakke-tors-søn
gruppepakke-ons-søn
gruppepakke-tirs-søn

CAMP INFO

Alle som har kjøpt billetter til Treungenfestival camping må lese denne informasjonen.

Treungenfestival har aldersgrense 18 år.

Festival-campinga er dei siste åra stadig blitt utvida, og har i dag omlag 1100 plassar. Campinga ligg rett ved festival-området, med kort avstand til flott badestrand og til Treungen sentrum. Inne på camping-området er det sanitærbygg og dusjar og matsal.

Alle som kommer på campingen tirsdag eller onsdag er høg grad sikra ønske plass, kjem du torsdag er også sjansen høg for at du får den plassen du ønsker, camp C1 blir merka opp med nummererte plassar, dei andre er merka med felt.

Strøm er et tilbud som ikkje koster ekstra. Strøm garanteres ikkje om det blir overbelastning eller om nokon har dårlige kabler, denne helga er strømnettet belasta opp mot max grensa slik at det er ikkje nok strøm til fleire eller 1000 kontakter, husk å ta med skøyteledning.

Alle som skal inn på festivalcampinga må også ha betalt for å inn på konsertområdet. Festival-campinga er eit lukka, innegjerda område, med aldersgrense 18 år. Det er lov å fritt nyte alkohol på området, men det betyr ikkje at ein kan gjere som ein vil. Profesjonelle vaktselskap er tilstades heile døgnet, og ser til at alle har det bra og kosar seg. Festivalen garanterer ikkje straum til alle men det er eit tilbud til dei fyrste som kjem. Og alle som velger å kjøpe i porten risikerer å bli plassert på utvida område. Festivalen organiserer plass til alle som bestiller før og om mange tek sjansen på å kjøpe i porten vil me får utfordring på plassen.

Med over 3.000 overnattande er det diverre ein risiko for at nokon ikkje heilt veit forskjell på ”mitt og ditt”. Pass difor godt på sakene dine. Festivalen tek ikkje ansvar for forsvunne eigedelar.

For å få ei effektiv utnytting av campingarealet har vi både campingpass med plass, og campingpass-kun tilgang. Når fleire skal overnatte saman kan dykk kjøpe pakkepris 2 personer sammen eller be om tilbud frå 3 personer sammen og oppover.

INNSJEKKING

Ved ankomst må alle ut av bilane for å få armband, og ev. legitimere at ein er over 18 år. Kvart køyretøy får plass-oblat som skal leggast i frontruta, eller anna synleg stad.

All tildeling av plass skjer fortløpande ved innsjekking, og det er ikkje høve til å bestille spesiell plass på førehand. Dersom ein ynskjer fleire plassar samla, må dette registrerast og betalast av den fyrste som sjekkar inn. Det er ikkje høve til å kjøpe fleire plassar enn det sjekker inn personar. Vi prøver så langt som råd å oppfylle spesielle ønsker om plass, men garanterer aldri spesielle plassar.

Vi gjer merksam på at den private campinga, Saga camping som ligg rett ved festivalcampinga. Denne inngår ikkje i arrangør sitt opplegg, og her må campingplass tingast i tillegg til festival-billettar.

Vår største frykt er at det skal oppstå brann eller gass-lekkasje, og vi gjer ein del tiltak for å vere så førebudd som råd på noko slikt. La brannsløkkings-apparat, brannslangar, vass-tankar og anna utstyr få stå i fred. Kanskje er det nettopp du og dine venner som vil trenge det !

Badestampar, bålpanner og røykmaskiner er ikkje tillatt. Det er heller ikkje tillatt å ta med dyr på campinga.

SJEKK EL-ANLEGG, GASS OG BRANNSLOKKINGSAPPARAT FØR DU REISER.

E-post: bestilling@treungen.no